Om Etne Mållag

I 1920 var der eit mållag på Sørstranda som kalla seg «Maallaget Vaar». Det gjekk inn i Etne mållag  då det vart skipa i 1926.

Første formannen i Etne mållag var Sigurd Førsund. I 1920- og -30-åra var det ein beisk målstrid i Etne.

Striden var så hard at val til kommunestyret stod mellom «høgre og riksmålslista» og «venstre og landsmålslista». Slik vart listene nemnde på folkemunne.

Først i 1956 hadde alle skulane i Etne (9) nynorsk som opplæringsmål . Les meir om dette i Jubileumsskriftet til Etne Mållag, som du finn på heimesida her.

Mållaget i Etne har det siste ti-året hatt eit medlemstal mellom 80 og 130. Eitt år var det like opp i 160.

Gjennom mållaget er dei medlemer i Noregs Mållag, som arbeider for å styrkja nynorsken i media, i skulen, i styringsverket og i alt samfunnsliv.

Å melda seg som medlem, er i grunnen det viktigaste målarbeid den einskilde kan gjera i dag.

Medlemskap gjev styrke og betre økonomi til Noregs Mållag, slik at dei kan løysa dei landsomfemnande oppgåvene.

Norsk Barneblad og barnebladet «Pirion»

Etne mållag, saman med Haugesund mål- og ungdomslag, gjev kvart år eit halvåsabonnement av Norsk Barneblad til alle sjetteklassingar i gamle Etne herad. På same måte får alle barnehagane bladet Pirion.

Styret

Styret i lokallaget tek seg av aktiviteten i nærmiljøet.

Styret:

Siri Klokkerstuen, leiar

Steinar Aalvik

Arnhild Marie Aaen

Stein Oddvar Gravelsæter

Irene Gravelsæter

Kontakt oss

Huk av og bekreft at du ikkje er ein bot.
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår personvernerklæring for meir info.