
Han hadde alle føresetnader til det: Han var kunnskapsrik, han følgde godt med i tida og han var radikal. I same krinsen fekk han ein god ven i den unge Gunnar Frette (1854 - 1927) som var 21 år yngre.
Gunnar reiste til Kristiania i 1874 for å studera til prest. Her vart han kjend med Arne Garborg, som var tre år eldre. Då Garborg tok til å gje ut “Fedraheimen” hausten 1877, var dei to etnesbuane med frå første stund. I eit brev frå Bergen 25. november 1877 skriv Gunnar Frette til Torbjørn Øyno:
Mange takk for det siste brevet ditt. Det var gildt å høyra at du vilde gjera ditt til at bladet kunde koma ut; ja takk for det du gjorde, det var meir enn eg hadde venta; eg vil ynskja du vil finna deg tilfreds med det. Det er no utkome nokre nummer; so du har alt fått ein munnsmak på, korleis det vil arta seg.
Når Gunnar er så takksam her, er det nok fordi bonden frå Øyno har kjøpt luter i “Fedraheimen”, og det varde ikkje lenge før Torbjørn Øyno tok til å skriva i bladet på godt landsmål. Han hadde gode språkkunnskapar og ei sikker stilkjensle. (Sjå artikkelen om haugianarane i Etne Sogelag si årbok 1986).

Gunnar Frette vart seinare seminarlærar på Hamar og prest i Alstadhaug i Nordland. Siste tida var han i Asker. (I Etne mållag sitt årsskrift frå 1982 finst eit brev som han skreiv til syster si på Hustoft i år 1900).
Det var ei lageleg tid å arbeida for målreisinga omkring hundreårsskiftet. Gjennom eit par ti-år hadde folket vakna til nasjonalt og sosialt medvit, med krav om økonomisk utjamning og personleg frigjering. Målreisinga vart ein del av dette. Kjell Haugland skriv i “Målreising i 75 år” (Noregs Mållag): “Målstrev, frilyndt ungdomsarbeid, venstrepolitikk og arbeid i folkehøgskulen gjekk hand i hand. Dette samarbeidet gav målarbeidet styrke og slagkraft”. Me må òg nemna lærarskulane, som etter kvart vart reine “målreir”. Lærarane kjende det mest som landssvik å terpa dansk inn i born som snakka norsk.
Men i Etne var det ikkje folkehøgskulen og lærarskulen som var vegen fram for bondeungdommen, slik det jamt var i andre bygder. Gjennom lange tider hadde me hatt eksismoar i bygda, og dei hadde gitt ungdommen andre ideal. Dei søkte difor ei militær utdanning, og gjekk underoffisersskulen. Her var det ikkje mykje rom for radikale tankar og meiningar. Me kan vel kort seia det slik at medan folkehøgskulen gjorde dei unge oppglødde for nasjonale verdiar, frilynde, målsak og venstrepolitikk, sikra underoffisersskulen at bygdeungdommane vart heller konservative og motstandarar av alle “påfunna” på venstresida. Etnebygda hadde mange av den siste sorten, og dei gjorde seg sterkt gjeldande i bygdestyringa før krigen, og truleg finn me her grunnen til at landsmålet møtte så mykje meir motstand i Etne enn i andre bygder på Vestlandet.


